Pressemelding -
Det blir ei god nyheitsmesse!
Nær 130 nyheiter er meldt inn til juryen for årets Agroteknikkutstilling. Her er det mykje å glede seg til, seier juryleiar Jogeir Agjeld.
Han kan fortelje om stor spennvidde i nyheitene, frå heilt enkle handverktøy i stål, utan bevegelege deler, til digitale system med kunstig intelligens som samankopla med ein splitter ny skurtreskar skal kunne auke treskekapasiteten og redusere spill og ressursbruk. Talet på innmeldte nyheiter er om lag på nivå med messa i 2021.
- Mange av utstillarane har lagt seg i selen og henta fram det beste av det beste. Publikum har grunn til å glede seg! Noko som er ekstra kjekt, er den store spennvidda, og at her er bra ting både frå store internasjonale konsern og frå små norske leverandørar, seier Jogeir. Til dagleg er han fagkoordinator i maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR. Med seg i juryen har han journalistane Dag Idar Jøsang frå Norsk Landbruk og Magnus Mo Opsahl frå Bedre Gardsdrift, Erik Brodshaug frå Tine Rådgiving, Karl Daniel Ekker som underviser på Blæstad og Bodhild Fjelltveit som er nestleiar i Bondelaget.
Juryen er godt i gang med arbeidet sitt: Først må jurymedlemmene sette seg godt inn i funksjon, verkemåte og litt formalitetar på alt som er meldt inn. Deretter blir nyheitene vurderte opp mot definerte kriterium. Dei kan då bli avvist, eller dei kan bli offisielle agroteknikknyheiter. Dei beste blir kåra til sølv- eller gullaks og blir gjort ekstra stas på. Jogeir kan alt no love at det også blir delt ut ein eller fleire spesialprisar.
Alt dette blir offentleggjort i månadsskiftet oktober/november gjennom Agroteknikk sine kanalar, i Bedre Gardsdrift og Norsk Landbruk. Det aller beste er likevel at du får sjå nyheitene slik at du kan gjere deg opp di eiga meining på landbrukets store fagmesse, på Agroteknikk på Lillestrøm 14. til 17. november!
Kategorier
Regions
NOVA Spektrum skaper og legge til rette for messer, arrangement og events. Vår virksomhet omfatter en kombinasjon av egeneide og eksterne arrangement. I 2024 avholdes følgende egeneide arrangement:
Oslo Design Fair
Camp Villmark
Hagemessen
Oslo Dog Show
Oslo Motor Show
Park og Anleggsmessen
Les mer om alle våre arrangement i 2024 på https://novaspektrum.no/